Gje og ta eit liv
Kondomen sprekk. Du har fått eit liv. Det er framleis ikkje sikkert at du vil bli født.
«Vi har vore litt uheldig» er noko ein kanskje føler at ein har høyrd litt for ofte. Det er då det er på tida at dei kommande foreldra tek eit val. Om dei vel å la barnet leve eller om barnet må døy. Sjølv tenkjer eg som så at det avgjerande er å tenkje på om det komande barnet vil kunne få eit godt liv.
Eg har høyrd at det er mange som brukar uttrykket «verdig» når det er snakk om livskvalitet. Som sagt av Aud Blegen Svinland i Dagbladet «Det handler om makt, og kvinner skal få beholde makten til å bestemme over seg selv». Etter det eg har forstått vil dette sei at kvinnene skal sjølve få ta del i om kva som er rett og galt for det komande barnet. Om omgjevnadane er godt nok tilrettelagde, og om ho sjølv både mentalt og økonomisk vil ha moglegheit til å kunne ta vare på det. Eller tenk om barnet skulle vise seg å ha ei funksjonshemming eller ein anna form for genfeil? Korleis skal ein då stille seg til dette problemet? Skal ein tenkje slik at dette livet er verdt like mykje som livet til eit barn som ikkje har denne genfeilen? Eller skal ein sjå realiteten i auga at ein ikkje er kapabel til å handtere ei slik problemstilling. Eller kanskje du er ein person som ikkje kan sjå at dette er eit problem? I dagbladet, 22.03.2003 stod det skriven at «i spesielle tilfeller kan kvinner eller par som er i en vanskelig livssituasjon, og som mener de ikke vil klare den ekstra belastning et funksjonshemmet barn kan medføre, få tilbud om genetisk fosterdiagnostikk». Slik eg ser det kan ein då skilje ut kva for born ein vel å setje ut til livet om ein slik genfeil skulle oppstå.

Kan ein faktisk endre på genene før ein blir født? Kva for konsekvensar vil dette få vidare? I Knut G. Bergdal si tekst står det skriven; «Genterapi på mennesker er under utvikling for forskjellige sykdommer», vil dette då sei at vi kan redde fleire liv som er ønska frå byrjinga av? Kanskje slike «kondom uhell» kan vere nok til å setje i gong ein prosess som langt inni hovudet til foreldra eigentleg var ønska? Enn om denne forskinga går for langt? Vil ein då byrje å tenkje så langt som at om ein ikkje får endra på den skeive nasen til barnet at ein då vel å ikkje ha barnet?
Eg håper då at det ikkje vil ende slik, at forsking som kan redde liv blir nytta til noko så overfladisk som å endre på utsjånaden til eit ufødd barn. Eg undrar meg korleis mora til barnet føler det mentalt etter ein abort, om ho då ønska det sjølv og ikkje vart pressa. Ville verda ha gått under dersom ein ikkje kunne vel å ikkje gje den ufødde eit liv?
Vil du få eit liv?







